MS Solvik

MS Solvik (ex Celine, Suline, Eivindvik) er eit bygg frå Brødrene Aa i Hyen som blei sjøsatt fyrste gong i 1977. Vidar Hop Skyssbåter AS kjøpte båten som MS Eivindvik hausten 2014. Etter ei totalrenovering ved Lending Båtbyggjeri i 2015 har båten fått nytt styrehus og andre endringar og tilpasningar utvendig for å bli best mogeleg eigna til våre oppdrag. Innvendig er all innredning ny og alt av teknisk utstyr, ledningsnett og instrumentring er nytt. Etter denne totalrenoveringa har båten fått ein nytt navn - MS Solvik. Sommaren 2019 blei det installert to nye motorar og gear. 

Båten har eit passasjersertifikat på max 26 pax og med ny innreiing er den godt eigna til forskjellige oppdrag i eit røft farvatn. Den er utstyrt med 2 motorer av typen Scania D13 á 450 Hk. Gear er av typen ZF 360 med 5 vinga Mikado propellere. 

Tekniske data

Bygd 1977
Lengde 14.80 m
Breidde 3.90 m
Dybde 1.20 m
Motorinfo 2 x Scania D13 á 450 Hk
Gir 2 x ZF 360
Marsjfart 23.00 knop
Toppfart 28.00 knop