Historie

Vidar Hop Skyssbåter AS er eit reiarlag som driv skyssbåtservice innan ambulanse, passasjerruter, charter og opplevingsturar. Selskapet er heimehøyrande i Solund kommune med base i kommunesenteret Hardbakke.

Familien Hop har drive med båtambulanse i Solund kommune sidan 1971. Ambulansebåten MS Solund dekkjer jdag Solund og Gulen kommune. Som ein del av ambulansedrifta har selskapet to ambulansebilar i drift. Ein er stasjonert på hovedøya i Solund med base på Hardbakke ved ambulansebåten og den andre er stasjonert på Ytrøygrend i Ytre Solund.

På 90-talet byrja selskapet også å utføre diverse skule- og bygderuter for Fjord1 Fylkesbaatane. I tillegg har det i dei seinare åra også vore ein auke i etterspurnaden etter charter, opplevingsturar og utleige. Vidar Hop Skyssbåter AS har idag ein flåte på 6 båtar: MS Solund, MS Solundøy, MS Solvind, MS Fjordcruise, MS Solvik og MS Solvær. I tillegg drifter vi MS Solundir som går i rute Gulen - Ytre Solund.