Mannskapssjef - Vidar Hop Skyssbåter

Vidar Hop Skyssbåter AS er ei bedrift i vekst og me treng no ein mannskapssjef i vår organisasjon. Me ser etter ein person som er ryddig, påliteleg og sjølvstendig - og gjerne har erfaring innan HR eller drift av fartøy.

Som mannskapssjef vil du ha ei sentral rolle i vår organisasjon. Organisasjonen omfatter drift av skyssbåt, ferje, godsrute og turisme.

Me har rundt 50 tilsette og alltid spennande prosjekt på gang, og ser etter ein person som vil vere med oss å drive desse prosjekta framover.

Stillinga er lokalisert ved vårt hovudkontor på Hardbakke i Solund kommune. Her vil du ha din arbeidsplass i våre flotte kontor midt i den vakre og pulserende hamna på Hardbakke.

Solund er ein rein øykommune med i underkant av 800 innbyggjarar. Ferjesamband til fastlandet og ekspressbåt Bergen - Måløy - Sogndal 2 ganger dagleg. Her bur du midt i vakker og spektakulær natur. Me har eit inkluderande lokalsamfunn, og eit bredt utvalg av fritidsaktiviteter. Her kan bl.a nemnast karateklubb, musikkorps. Me har kunstgrasbane, freesebeebane, idrettshall, symjebasseng, og eit helt nytt og velutstyrt treningssenterfull barnehagedekning, barne - og ungdomsskule, ny ungdomsskule under bygging no, og dagleg kommunikasjon til videregående skule.

Bedrifta har ei eiga leilegheit til bruk for dei tilsette- i tillegg er det gode mogelegheiter for å leige/kjøpe husvære i kommunen.

Kvalifikasjoner

  • Erfaring innan HR eller drift av fartøy er ein fordel
  • Ryddig og påliteleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for mannskapsorganisadjonrn , herunder rekruttering , opplæring og oppfølgning av mannskapet.
  • Sikre at våre fartøy er bemanna og driftast på ein effektiv og sikker måte.
  • Samarbeide med andre avdelinger for å sikre god koordinering og kommunikasjon internt.
  • Driftsrapporter og miljørapporter med meir.
  • Oppfølging av lønn, tariffer og evtuelle sjukemeldinger

Dersom du kan tenkje deg å verte ein del av vår organisasjon, send ein søknad og CV til post@vidarhop.no innan 15. mai.

Me ser fram til å høyre frå deg!!

Med vennleg helsing
Vidar Hop skyssbåter AS
Hans-Kristian Hop