Solundmeisterskapen i diskgolf 2024

Den 10-12 mai skal Solund Sendebrettlaug arrangere Solundmeisterskapen i diskgolf 2024. Dette er eit arrangement der alle kan få vere med uavhengig av nivå, kjønn og alder. Arrangementet skal ha ein kjekk sosial profil med mat og underhaldningstilbod etter konkurranserundane.

Diskgolfanlegget det vert konkurrert på, er strategisk plassert på Hardbakke i nærleik til eksisterande aktivitetspark/idrettspark og friluftsområde.

Vore deltakarar er lokale innbyggjarar, men også mange tilreisande primært frå Vestlandsregionen. Visste du at årets arrangement vart fullteikna på 10 minutt?

Arrangementet lar seg ikkje gjennomføre utan gode støttespelarar og sponsorar. Vi er difor svært kry for at vi i år har med oss Vidar Hop Skyssbåter AS som vår hovudsponsor.

Vi gler oss til å arrangere, og lauget har allereie iverksett fleire av tiltaka dei har håpa på å få realisert.

Vel møtt den 10-12 mai!